Spennande film for heile familien!
Den arktiske reven Svippen held til dagane sine med å sortera post for det arktiske postkontoret. I all hemmelegheit ønsker han aller helst å bli ein Top Dog, den mest verdsette stillinga i selskapet, nemleg ein slededrager. Når ein uvanleg pakke dukkar opp, bestemmer Svippen seg for å stela ein slede og levera pakken til den mystiske destinasjonen sjølv, for å visa kva han er god for. På vegen dit kjem han med eit uhell til å snubla over ein uhyggeleg stad som den utspekulerte Otto Von Walrus står bak. Det er opp til Svippen og den skrullete gjengen hans med venner å setja ein stoppar for Ottos planar, ein gong for alle.
Regi: Aaron Woodley
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2019
Skodespelarar: Anders Bye, Christoffer Staib, Espen Sandvik, Ida Lind, Johannes Joner
Sjanger: Familiefilm
Nasjonalitet: USA
Lengde: 1 t. 32min
Aldersgrense: 6 år
Begrunnelse: Enkelte mørke og noko truande scener gjer at denne filmen får 6-årsgrense
Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.


