Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oktoberfest

$
0
0
Teaser: 

Det er tid for å leite fram Lederhosen'en igjen!

Arrinfo: 

Likar du å drikke øl medan du sit rundt eit langbord? Er jodling og allsong din hemmelege lidenskap? Har du ein Lederhosen hengande i skåpet som du meiner du får brukt altfor sjeldan? Kle deg opp, og kom på Oktoberfest på Oseana!

Oseana utvidar i år festen frå i fjor, og lovar å stille med både kostymerte tilsette og spesialdesigna seidlar!

Direksjonsmusikken frå NHH, kjend for stripete dressar, partymusikk og ein muskedunder som smell av altfor høgt når du minst ventar det, lagar show, stemning og underhalding frå scena. I tillegg har vi forsterka mannskapet med Årstad Tyrolerorkester, som vil lage ompastemning til langt på kveld!

Men stemninga i salen treng vi DEG for å klare å skape! Så ta med deg mor, bror, onkel eller oldemor; nabo, sjef, tidlegare svigerson eller bestevenn og kom på Ølstove på Oseana. Her er alle velkomne!

 

18 års aldersgrense. Legitimasjonsplikt ved billettkjøp og ved inngang.

Arrangementdato: 
lør, 2013-10-19 20:00
Body2: 
Pris: 
Ord. bill: kr 150,-
Lengde: 
Bilde: 
Regi: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
18 års aldersgrense. Legitimasjonsplikt ved billettkjøp og ved inngang.
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Oktoberfest
Karuselltittel: 
Oktoberfest
Karusellteaser: 
Det er Lederhosen- tid igjen! 19. oktober kl. 20.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571