v/Jørn Øyrehagen Sunde
Baroniet i Rosendal vart etablert i 1678. Hovudvekta av jordegodset til baroniet låg spreidd rundt Sunnhordlandsbassenget. Dette området er uvanleg ressursrikt, og her var to klostergods og eit stort aristorati ved sida av det einaste baroniet i norsk historie. Difor var Baroniet Rosendal mindre spesielt i Sunnhordlands-regionen enn det var i ein norsk samanheng.
Bjørn Øyrehagen Sunde vart dr.jur. i 2007 og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet i Bergen same året. I 2019 vart han tilsett som professor ved Institutt for offentlig rett i Oslo. Sunde har sidan 2002 hatt ei bistilling som forskar ved Museet Baroniet Rosendal, og har halde ei rekke foredrag om dette og om andre tema. Han er kjend for sin kunnskap og grundige arbeid, og har fått fleire prisar for framifrå formidling, m.a. Meltzer-prisen.


