Eit levande møte med musikken
Ei konsertframsyning for barn 5-10 år
Korleis fortoner musikk seg frå innsida?
Annabel er pianist og held på å øve inn eit nytt musikkstykke. Ho vil så gjerne få musikken til danse, men strevar med dette! Derfor inviterer ho Trommelars på besøk. Kanskje han - saman med publikum - kan hjelpe henne?
Denne koronatida har vore vanskeleg for mange barn og unge. Vi trur at levande musikk og interaksjon mellom sal og scene difor er viktigare enn nokon gong. I denne framsyninga stiller vi spørsmål ved kva det er som gjer musikk til musikk. Korleis blir lyd til musikk? Kvifor er stille ein del av musikken? Kanskje finn vi saman med barna nokre moglege svar? Barna blir oppmuntra til å utforske eigne kjensler som oppstår i møte med musikken. Det er morosamt og lærerikt, og det finnast ikkje noko fasitsvar.
Annabel Guaita, piano og Lars Kolstad, perkusjon
Lengde ca 60 min
Produksjonen er blitt til etter ei bestilling frå Sveio Kommune, der den skal spelast under
Valenfestivalen i april 2021. Musikken vi spelar og lyttar til er Fartein Valens klaverstykke
Valse Noble opus 22. Framsyninga er utarbeida under eit kunstnaropphald ved Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda hausten 2019. Instruktør: Anne Mali Sæther.
Støtta av Bergen Kommune og Vestland Fylkeskommune.


