Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Utseld! John Olav Nilsen & Nordsjøen

$
0
0

BILLETTAR I SAL FRÅ MANDAG 22/2 KL: 10:00!

 

Vår vår! I desse urolege tider går John Olav Nilsen & Nordsjøen mot vinden og vender tilbake til livet på vegen. Lasten er full av fortida, men heldigvis også ei berøring av framtida.

 

Heilt sidan den kritikarroste og Spellemannvinnande debutplata «For Sant Til Å Være Godt», har Bergensartisten vore ein av sin generasjons absolutte livefavorittar. Fulle hus og øyredøyvande allsong har vore standard på konsertar og festivalar, og låtar som “Diamanter og kirsebær”, “Hull i himmelen” og «Valiumsvalsen» vil stå seg som evige klassikarar i norsk musikkhistorie.

 

John Olav Nilsen & Nordsjøen består forutan John Olav, av dei tidlegare Gjengen-medlemmane Einar Vaagenes, Lars Eriksen og Mikael Kanstad. Musikalsk er dei i sjangeren gatepop, eller sågar motstands-pop. I 2020 slapp dei albumet «Det store i det små» til strålande kritikkar frå medium landet over, og til våren vil ny musikk sjå dagens lys.

 

«La vårens vind skjære helt inn, og puste liv i dagens søvnige sinn» – John Olav Nilsen

For anledninga har dei med seg Eirik Marinius Sandvik på gitar, Glenn Endre Bertelsen på Trommer og Pablo Tellez på bass. Det kjennest godt å ha denne gjengen tilbake på vegen, og vi gledar oss til allsong av gamle og nye favorittar i 2021!

 

 

 

Stadionpop til folket!Musikknyheter 8/10

 

Noe av det sterkeste gjengen har produsertAftenposten 5/6

 

Det er rett og slett deilig å plaske rundt i Nordsjøens univers. Gratulerer!Dagbladet 5/6

 

John Olav Nilsen får nye bølger til å gå høyt med gruppa NordsjøenDagsavisen 5/6

 

Deilig, avhengighetsskapende popmusikk for den lyse tiden som kommerGaffa

 

Loddefjords store sønn tilbake på sporetStavanger Aftenblad

 

Arrangementdato: 
lør, 01/05/2021 - 21:00
Pris: 
Ord. 400,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/656429
Arrangør: 
Oseana kunst- og kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Servering: 
Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571