Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Bygdekinoen: Et glass til

$
0
0
Teaser: 

Eit morosamt og tankevekkande drama om vennskap, fridom og alkohol

Fire lærarar og venner bestemmer seg for å testa Finn Skårderuds påstått teori om at mennesket er fødd med ein halv promille for lite i blodet. 

Teorien er at alkohol opnar sinnet for omverdenen og får kreativiteten til å blomstra. Resultatet er oppsiktsvekkande. Både undervisninga og sjølvtilliten betrar seg, og vennene byrjar for alvor å kjenna seg levande igjen. I takt med at glasa blir fylte, opplever nokon framgang, medan andre sporar av. Det blir tydeleg at alkohol har sine positive sidar, men òg at det slags dristige forsøket kan ha alvorlege konsekvensar. 

ET GLASS TIL er eit morosamt, rørande, livsglad og tankevekkande drama om vennskap, fridom, kjærleik - og alkohol.   

Filmen har eit stjernelag av danske skodespelarar leidd an av Mads Mikkelsen.

 

Regi: Thomas Vinterberg
Språk: dansk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Mads Mikkelsen, Thomas Bo Larsen, Lars Ranthe, Magnus Millang, Maria Bonnevie, Helene Reingaard Neumann, Susse Wold m.fl.
Sjanger: Drama, komedie
Nasjonalitet: Danmark
Lengde: 1t. 57min
Aldersgrense med begrunning: 12 år.
Denne filmen har ein forstyrrande tematikk og inneheld scener med sterke kjensleutbrot og skildringar av ustabile voksenpersoner som er overstadig rusa. Filmen får derfor 12-årsgrense.

 

Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231. 

Arrangementdato: 
søn, 16/05/2021 - 18:30
Pris: 
130,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571