Bilde:

Driftsavtala mellom Færingen restaurant og Oseana kunst- og kultursenter er no avslutta grunna økonomiske årsaker. Avtala vart sagt opp 12. 12. 2012, og Færingen hadde siste dag i Oseana 21. desember.
Det blir no jobba med å få på plass eit nytt serveringskonsept på Oseana, men inntil vidare vil det ikkje bli ordinær restaurantdrift på huset. Fram til ny restaurantør er på plass er det Oseana som vil vere ansvarleg for all servering på huset, alt frå kiosksnop på kinosøndagane til servering under arrangement.