Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

HavFest

$
0
0
Teaser: 

HavFest er tilbake, til glede for nye og gamle publikummarar!

Arrinfo: 

Folkeperaen HavFest vart skriven til opninga av Oseana i juni 2011 av Glenn Erik Haugland & Heidi Tronsmo. Fire fulle hus og eit samstemt begeistra publikum og pressekorps vart resultatet. Mange fekk ikkje sjansen til å oppleve denne fantastiske framsyninga, men no får du sjansen på nytt! HavFest blir sett opp med tre framsyningar i slutten av mai, denne gongen som ein del av Festspillene i Bergen sitt program.

HavFest er ei frodig musikkforteljing om kysten si herskarinne Guri Kunna, og kva som skjedde då ho forelska seg i mennesket Anfinn.

På ei mystisk øy som har dukka opp i Bjørnefjorden førebur dei tidenes fest. Guri Kunna, kystens lunefulle gudinne, skal gifta seg med eit menneske! Guri er overtydd om at denne alliansen vil få det framandarta menneskefolket til å tilpassa seg naturen. Men i Guri sitt eige rike møter planen motstand hos både Brefolk, Havfolk og Gurifolk. Bredronninga på Folgefonna kallar inn til klimatoppmøte for å hindre giftarmålet, og den store trulovingsfesten endar i forvirring og kaos. Guri kjenner seg sviken og vert tvinga til å ta avgjerande val...

I HavFest får vi sjå hvordan Guri si forelska ubetenksomheit skapar storm og ubalanse. Vi møter Havkongen og Havfolket, Bredronninga og Brefolket. Vi møter Guri Kunna på Kunna Ø, Guri si høgre hand Vinden, Gurifolket, samt Vinden sitt sendebod Skarvane. Publikum blir vitne til eit klimatoppmøte der Vinden, Havkongen og Bredronninga tek opp problema Guri skapar, og klekkjer ut ein plan.

Heidi Tronsmo - Libretto/manusforfatter, medkomponist og solist
Glenn Erik Haugland - Komponist, prosjektansvarlig og dirigent
Lisa Nøttseter - Produsent
Hege Gabrielsen - Regi
Kristine Gjems - Scenografi og kostymedesign

Arrangementdato: 
søn, 2013-05-26 19:00
Body2: 
Pris: 
Bilde: 
Lengde: 
2t 30min
Regi: 
Fleire bilde: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Opera Omnia / Festspillene i Bergen
Arrangement: 
KalenderTittel: 
HavFest
Karuselltittel: 
HavFest

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571