aArkeologen Sigurd Svendsen (Pål Sverre Hagen) har via livet sitt til å løyse dei 1000 år gamle mysteria frå gravkammeret til Osebergskipet. Når han finn spor som peikar mot den største myten av dei alle - myten om Ragnarok, blir Sigurd besatt av tanken om at Oseberggrava skjuler svaret på opphavet til historia om vår eigen undergang.
Ein mytisk runestein med spor etter Osebergvikingane avdekkast i Finnmark, og freistinga blir for stor. Saman med to kollegaer og sine to born legg Sigurd ut på ein ekspedisjon som leiar dei djupt inn i Ingen-Mannsland, eit avsperra område mellom Noreg og Russland.
Eventyret får ei dramatisk vending når dei gamle runane viser seg å få ei ny meining, og løyndomen dei avdekkjer er langt større og meir skremande enn nokon kunne drøyme om. Sigurd må ta den viktigaste avgjerda i livet: Kor langt er han villig til å gå, og kor mykje er han villig til å ofre i jakta på svaret som til slutt kan leie dei til deira eigen undergang?
FRAMFOR KAMERA:
PÅL SVERRE HAGEN (Sigurd)
Pål Sverre Hagen gjekk ut fra Teaterhøgskolen i 2003, og har sidan jobbet på Hålogaland Teater og Det Norske Teatret. Han har utmerka seg med sine rolletolkningar i mellom anna Buzz Aldrin, Hvor ble det av deg i alt mylderet? (TV /2010-2011), Jeg reiser alene (2011), Jernanger (2009), de USYNLIGE (2008), De gales hus (2008), Max Manus (2008), og sist som Thor Heyerdahl i Kon- Tiki (2012).
NICOLAI CLEVE BROCH (Allan)
Nicolai Cleve Broch er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og tilsett på Nationaltheatret. Han vart for alvor kjent gjennom tv-serien Lekestue på NRK i 2001. Nicolai er i dag ein meget godt etablert skodespelar innan både film, tv og teater. Han har medvirka i Halvbroren (TV/2013) Schmokk (TV/2011), Max Manus (2008), Den siste revejakta (2007), Uro (2006), Uno (2004) og Buddy (2003).
SOFIA HELIN (Elisabeth)
Sofia Helin er ein svensk skodespelar, utdanna ved Teaterhögskolan i Stockholm. Sofia har hatt ei rekkje roller ved Stockholms Stadsteater og i svenske filmar. For oss nordmenn er ho kanskje mest kjent som Saga Norén i den populære svensk-danske krimserien Broen , vist på NRK. Ho hadde og ein sentral rolle i filmen ARN - Riket ved veiens ende (2008).
BJØRN SUNDQUIST (Leif)
Bjørn Sundquist er ein av Noregs framste skodespelarar både innan teater, film og TV, og har motteke fleire Amanda-prisar for prestasjonane sine. Han har medverka i mellom anna Koselig med peis (TV / 2011), Tomme Tønner (2010), En ganske snill mann (2010), Jernanger (2009), Død snø (2009), Den siste revejakta (2008), Kautokeino-opprøret (2008) og Tommy Wirkolas Hansel & Gretel: Whitch Hunters (2013).
I rollane som barna Ragnhild og Brage møter vi MARIA ANNETTE TANDERØ BERGLYD, som spelte "Anne" i filmen Jørgen + Anne = Sant og debutanten JULIAN PODOLSKI.
BAK KAMERA:
REGISSØR
MIKKEL BRÆNNE SANDEMOSE er eIn av landet sINE mest erfarne reklamefilmregissørAr og har hausta både nasjonale og internasjonale utmerkingar for sitt arbeid. Han har også laga fleire prisvinnende musikkvideoar. Mikkel Brænne Sandemose debuterte som spelefilmregissør med Fritt Vilt III (2010).
MANUSFORFATTER
JOHN KÅRE RAAKE er utdanna ved Westerdals Reklameskole og har i løpet av si karriere i reklamebransjen utvikla idear og produsert fleire hundre reklamefilmar. "Gåten Ragnarok" er hans fyrste spelefilm.
PRODUSENTER
"Gåten Ragnarok" produserast av Martin Sundland og Are Heidenstrøm i FANTEFILM FIKSJON AS. Selskapet vart etablert i 2006 og har som mål å produsere breie underholdningsfilmar. Selskapet står bak Fritt Vilt-filmene, Arme Riddere og Flukt.
Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.
