Robert Bogerud (28) har eige detektivbyrå. Med trenchcoat og Bogart- hatt er Robert klar, alt han treng er ei sak! Men ingen har trua på Robert. Sjølv far hans, som er politietterforskar, avfeiar heile detektivopplegget. Det er ikkje lett å vere Robert, den einaste privatdetektiven i landet med Downs syndrom.
Men så ein morgon dukkar ei mystisk kvinne opp på Robert sitt kontor. Skøytelegenda Olav Stjernen er forsvunnen, og familien fryktar det verste. Eigentleg har dei desperat bruk for ein inkompetent detektiv for å berolige Olav si senile og styrtrike mor. Robert er perfekt til jobben.
Familien Stjernen sine mørkladte mysterium er langt farligare enn det ein kunne ane. Med livet som innsats og ein arbeidsmetode basert på kjensler, prøver Robert å kome til botnen av saka. Då far hans endeleg kjem inn for å hjelpe, viser det seg at Robert sitt hjarte er det viktigaste i jakta på sanninga, og at han slettes ikkje er så dum som alle trudde!
Filmen har 11 års aldersgrense.
Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.
