
Det er klart for ei ny HeilHelg på Oseana, ei helg fullspekka med arrangement og moro frå ende til annan!
Vi startar allereie fredag kveld, med LatterGalla 2013 kl. 19.00. Her er det praktisk tala utseld, men er du rask kan du endå sikre deg billettar! LatterGallaen i år består av store humornamn som Johan Golden, Pernille Sørensen, Nils Ingar Aadne og Bård Tufte Johansen.
Laurdag opnar vi ny utstilling i Hvelvet kl. 14.00, med emaljebilder av Solveig Haukaas. Kl. 15.00 tenner vi julegrana i foajeen, og inviterer til grautfest! Søfteland musikklag står for musikken, og dersom du er heldig finn du kanskje mandelen i grauten? Etter grautfesten kan ein framleis sikre seg billettar til den fine barneframsyninga Teskjekjerringas julestri, som startar i Oseanasalen kl. 16.00.
Søndag opnar Kongshaug Musikkgymnas ballet, med gratis matinékonsert i Griegsamlingen kl. 12.30. Kl. 13.30 er det klart for del to av vår kunstforedragsserie i Griegsamlinga. Denne gongen er det doktorgradsstipendiat Tove Haugsbø som skal snakke om kvinner og kunst. Dette foredraget kan du også få med deg kl. 15.00, og det er mogleg å kjøpe billettar med søndagsbuffet til desse to foredraga. Klikk her for meir informasjon om dette.
Kl. 16.00 er det klart for den nye norske storfilmen Jul i Flåklypa, med Solan og Ludvig og alle dei andre kjende figurane frå den vesle bygda. Torsdag kl. 12.00 var halvparten av billettane rivne vekk, så ikkje sats på å kjøpe billettar i døra om du vil ha med deg denne filmen! Filmen er tilleten for alle.
Kl. 19.00 blir HeilHelga avslutta med filmen Detektiv Downs, ein ny norsk komedie om landets einaste privatdetektiv med Downs syndrom!
Det skulle med andre ord vere noko for ein kvar smak denne helga, og husk at restauranten også er open både fredag, laurdag og søndag. Ring 53 69 51 40 for å bestille bord eller få opplysningar om menyar.
Velkomen til ei flott helg på Oseana!