
Nokre perler frå vårprogrammet vart sluppe allereie i november, men i dag kjem det heile og fulle programmet for våren 2013. Denne våren kan vi by på humor frå Ingrid Bjørnov og Anne Kat Hærland. Riksteatret presenterer teater for både store og små og kjem heile tre gonger denne våren, med Abrahams barn og Tvillingsjeler for det vaksne publikum, og Klatremus og alle de andre dyrene i Hakkebakkeskogen for dei yngste. Eller kanskje er denne framsyninga like mykje for dei vaksne? Meir humor for dei yngste blir det også når Krabatene kjem med framsyninga Kykelikasse!
På konsertfronten kan vi tilby alt frå Ole Paus til Gabriel Fliflet og Ole Hamre, frå Baker Hansen som syng Chet Baker på nynorsk til Tor Endresen som tolkar dei store croonerartistane som Frank Sinatra, Dean Martin og Bing Crosby. Vi kan tilby halvt osing og klavergeni Lawrence Holmefjord- Sarabi eller trekkspel- legenda Roland Cedermark. Bergensfilharmonien vitjar oss med den tradisjonsrike De Unges Konsert.
Forfattar og musikar Ketil Bjørnstad vil i anledning Munch- jubileet halde eit konsertforedrag om kunstaren i Griegsamlinga. Du har også sjansen til å oppleve mediumet Lisa Williams, som er kjend verda over for sine synske evner. I tillegg har vi æra av å vere vertskap for både den kommunale og fylkeskommunale møstringa av Ungdommens kulturmønstring!
Folkeoperaen HavFest blir til glede for både nye og gamle publikummarar, sett opp med tre nye framsyningar, denne gongen i samarbeid med Festspillene i Bergen. Os kulturskule vi ha sine tradisjonelle konsertar her, og det same vil Osøren Blues og Jazzfestval ha i juni.
Det er med andre ord ein rikhaldig Oseana- godtepose som denne våren blir presentert for publikum, og vi håpar at alle finn noko i posen som dei kan like!
Trykk på titlane for å lese meir om arrangementa, eller sjå fullstendig oversikt ved å gå inn på våre arrangementssider.