I år er fjerde året Fonos arrangerer julekonsert. Dei tre siste åra har koret invitert osingane til å få julestemning i Os kyrkje. I valde dei å ha konserten i Oseana med von om at det ville bli ei minst like fin oppleving. Dette ser det ut til at mange har venta på, konserten tysdag 10. desember vart utseld førre veke!
No har Fonos gleda av å invitera til veldedighetskonsert for dei som ikkje rakk å kjøpa billett til den fyrste konserten. Onsdag 11. desember klokka 19.00 står koret på Oseanascena igjen, denne gongen både for å gleda publikum og for å støtta ei god sak. Inntekta frå ekstrakonserten går til Kirkens nødhjelp sitt arbeid blant dei flomramma på Filippinane. Fonos er svært glade for at Oseana tende på denne ideen og legg tilhøva så fint til rette for at dette kan gå i orden.
Julerepertoaret til Fonos famnar vidt. Kjende norske julesongar kjem både i nyskapande og tradisjonelle arrangement. I tillegg har dirigent Stine Kobbeltvedt funne fram fleire juleperler som publikum kan gle seg til å bli kjent med.
Vel møtt i Oseana onsdag 11. desember klokka 19.00.
Om Fonos:
Os- koret Fonos vart starta i 2007, og dei siste åra har dei gjort seg bemerka som eit kor med svært dyktige songarar og mange solistar. Dei har eit variert og spennande repertoar som spenner seg frå kjende poplåtar til vise og gospel. Fonos har helde mange konsertar i Osbygda, og sto seinast på Oseanascena denne våren med sin sommarkonsert, som samla eit nesten fullt hus og ståande trampeklapp.
