Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

STEREO - ekstraframsyning

$
0
0
Teaser: 

Med to utselde framsyningar, legg vi no ut ei ekstra framsyning med Dagfinn Lyngbø!

Arrangementdato: 
ons, 2014-04-02 19:00

Omsider har vi klart det - Dagfinn Lyngbø kjem til Os med sitt kritikarroste show STEREO!

Dagfinn hadde Noregspremieren sin på Ole Bull Scene i Bergen, og bergensarane let ikkje vente på seg, dei gjekk mann av huse og Ole Bull Scene var utseld over heile linja! Både publikum og anmeldarar var over seg av begeistring, og terningane har blitt rulla til 6 alle stadar Dagfinn har vore. No er han klar for turné og kjem omsider til Os!

Kva har mopedar, kaffitraktarar, hestar, telefonar, danskar og idolvinnarar til felles? Dei avgjer lyd. Pipelyd, ulyd, gromlyd, dunkelyd, skrapelyd, koselyd... Kort sagt, lyd i omgrepet sin vidaste forstand, er stikkordet i Dagfinn sitt nye show. Med seg på scena har Dagfinn musikar Bjarte Jørgensen.

Dagfinn Lyngbø har fått ikkje mindre enn åtte Komipriser, seinast «Årets Mannlige Artist, komedie / revy» i 2013. Dagfinn sine to siste show, «Ka e’ vitsen?» og «Evolusjon» blir rekna som to av dei beste stand-up-showa gjennom tidene, og Evolusjon vart spelt 400 gongar og sett av om lag 150.000 menneske.

No er Dagfinn igjen klart for, bokstaveleg tala, gje lyd frå seg igjen. Så ta godt i mot lyden av landet sitt beste show - i STEREO!

Pris: 
kr 450,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 30.11. kl 10:00.
Arrangør: 
Stand Up Norge
Arrangement: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571