MusikalHuset Askøy, med Marianne Juvik Sæbø i spissen, hadde stor suksess på Oseana også i fjor, med to oppsetningar av musikalen Annie. No kjem dei til Oseana med musikalen Oliver!
Oliver er bygd på boka Oliver Twist av Charles Dickens, og skriven om til musikalscena av Lionel Bart. Musikalen hadde fyrste gong premiere på New Theatre i Londons West End i 1960, og kom til Broadway i 1963. Etter dette har den blitt ein av verdas mest spelte musikalar. Det er Klaus Hagerup som har oversett stykket til norsk.
Oliver handlar om fattigguten Oliver Twist som kjempar for å overleve i 1800- talets London. Han veks opp på eit fattighus der han får meir juling enn mat. Oliver rømmer, men hamnar blant lommetjuvar og kjeltringpakk. Dessutan prøver mørke krefter å rydde guten av vegen, for Oliver ber på ein løyndom han ikkje sjølv er klar over...
I MusikalHuset si oppsetning finn vi Didrik Strønen Damm i rolla som Oliver, og Mathias Hagen Skrede som Dodger. Framsyninga blir vist to gonger, laurdag 29. og søndag 30. mars, begge dagar kl. 19.00.
