Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Lotte og Månesteinens hemmelighet

$
0
0
Teaser: 

Bli med Lotte og onkel Klaus når dei set ut på nye, morosame og sjarmerande eventyr!

Lotte og månesteinens hemmelighet er ein slik film ein ofte trur ikkje blir laga lenger, søt, sjarmerande og genuint morsom! Dette er ein barnefilm for dei yngste og for dei som er unge til sinns.

Lotte bor i Oppfinnerland. Ei natt snik to framande seg inn i landet på jakt etter kofferten til Klaus. Lotte overraskar dei framande, og skremt flyktar dei avgarde. Undervegs mistar dei ein stein dei har teke frå kofferten. På sitt siste eventyr tok Klaus og venane hans, Fred og Ville, med seg tre steinar frå eit hemmeleg tempel. Lotte oppdagar at dette ikkje er ein vanleg stein, og ilag med Klaus bestemmer dei seg for å avsløre steinen sin hemmelegheit. Dei dreg avgarde for å oppsøke Fred og Ville, men dei er ikkje aleine! To framande føl etter dei, og snart blir endå ein konkurrent interessert i steinen, nemleg katten Paul! Korleis skal dette ende?

I Lotte og Månesteinens hemmelighet møter vi att ei rekkje kjende internasjonale karakterar frå TV-serien Lotte reiser sydover, samt spelefilmen Lotte fra Oppfinnerland (2006).

 

Filmen varer i 1t 15min og er tilleten for alle.

 

Arrangementdato: 
søn, 2013-01-20 16:00
Pris: 
Kr. 80,-
Bilde: 
Lengde: 
1t 15min
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 15. januar, kun i resepsjonen på Oseana.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Lotte og månesteinen

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571