Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Jazzkafé

$
0
0
Teaser: 

Neste band ut på jazzkaféen er trioen Mostly Bossa.

Fyrste jazzkafé denne våren føya seg inn i suksessrekkja frå i haust, med fullt hus og god stemning! No er neste kafé-band på plass, og 29. mars får du høyre trioen Mostly Bossa.

Bandet består av tre røynde jazzmusikarar, Arild Thomas Seim på gitar, Rolf Prestø på bass og Svein Atle Breistein på saksofon og klarinett. Som namnet på bandet tilseier, så blir det mest søramerikansk musikk denne ettermiddagen, men trioen er ikkje framand for å ta nokre avstikkarar innom nordamerikansk jazz heller.

Arild Thomas Seim er ein meget allsidig gitarist. Han har spelt det meste med dei fleste. Han er kanskje mest kjend som bluesgitarist, spesielt saman med Hungry John, men beherskar dei fleste stilartar. Han er ein meget nytta musikar i frilans- Noreg. 

Rolf Prestø spelar kontrabass og har vore aktiv jazzmusikar sidan byrjinga av 70- tallet. Han har spelt med eit vidt spenn av ulike artistar, og i mange ulike samanhengar. Mellom anna kan han skilte med å ha vore Kaizers Orchestra sin fyrste bassist! 

Svein Atle Breistein burde vere kjend for Os- publikummet. I tillegg til å vere eldsjela og initiativtakar bak jazzkaféane på Oseana, har han også vore aktiv jazzmusikar i over 30 år. Han er fast inventar i mange ulike bandkonstellasjonar, og har også gjeve ut to plater i eige namn til gode kritikkar. I denne samanehengen spelar han tenorsax, altsax og klarinett.

 

Som alltid kjøper du billett i døra, det blir loddsal i pausen med fine premiar, og ikkje minst moglegheita til å få seg både noko godt på tallerkenen og i glaset på Oseana (jazz-)kafé og restaurant denne dagen.

Arrangementdato: 
lør, 2014-03-29 15:00
Pris: 
Kr. 80,-
Lengde: 
2t
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettsal i døra.
Arrangør: 
OsJazz
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Jazzkafé: Mostly Bossa

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571