Clik here to view.

Oseana kunst- og kultursenter vart opna i 2011, og ligg nydeleg til ved Bjørnefjorden, tett i Os sentrum. Visjonen er å skape ”ei verd av inspirasjon”, gjennom opplevingar basert på kunst, kultur, mat og natur. Oseana har på kort tid etablert seg lokalt, regionalt og nasjonalt som eit kraftsenter for kunst og kultur. Unikt for senteret er at det har si eiga kunstavdeling beståande av den unike Griegsamlingen samt salsutstillingar i Hvelvet.
Oseana KF har driftsansvaret for senteret, og er etablert med eige styre og ein eigen kompetent og dynamisk stab. Vi søkjer no å utvide staben med ein engasjert Kunstformidlar/kurator som skal leie vidareutviklinga av kunstdelen i senteret.
I kunstmuseet finn du store delar av samlinga til skipsreiar Per Grieg sr. I tillegg er det separatutstillingar med stor variasjon i tema og kunstform.
Stillinga er ei prosjektstilling over 3 år
Stillingsprosent: 60%
Bakgrunn og eigenskapar:
Vi søker etter ein person med høgre utdanning innan kunsthistorie og som i tillegg har gode kommunikasjons- og formidlingsevne tilpassa publikum i alle aldrar. Søkaren må ha god formuleringsevne både på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg. Du må elles:
- Vere leiar og pådrivar for utviklinga av Kunsthuset Oseana, derav Griegsamlingen og Hvelvet
- Drive kunstformidling/ foredragsserie til publikum.
- Vere Oseana pedagog i samband med kunstdelen av Oseana sitt skuleprogram Friskunst
- Utarbeide nye utstillingskonsept i samarbeid med leiinga.
- Ha fagleg ansvar for kunsten i Oseana
For ytterligare informasjon kontakt gjerne Direktør Ole Tobias Lindeberg
ole.tobias.lindeberg@oseana.no eller tlf 93257024
Søknad seinast 09.04.2014 til ole.tobias.lindeberg@oseana.no