Friskunstprosjektet for 10. trinn var knytt til Riksteaterframsyninga "Each One Teach One", ei danseframsyning laga av iranske Navid Rezvani, som er kjend for mange gjennom fjernsynsprogrammet Norske Talenter.
Navid reiser nå rundt med si eiga framsyning, der han formidlar danseglede og verdiar.
" I hip hop- miljøet har vi ein filosofi som heiter Each One Teach One. Det betyr at du skal vidareformidle og dele det du sjølv har lært, du skal oppmuntre andre til kreativitet, til å ta ansvar, til å våge å gå ett skritt lenger enn det du trudde var mogleg. Du skal ha førebilete, men du skal også vere eit førebilete."
Friskunst- prosjektet er delt i tre delar. Del ein føregår i klasserommet, og 10. klasse møtte Oseana- pedagog Karina Opdal. Ho hadde med seg eit spesiallaga undervisningsopplegg knytt til dans, musikk og populærkultur. Forprosjektet tok føre seg historia til hip- hop-en, korleis den oppsto og utviklinga den har hatt frå oppstarten til i dag. Prosjektet viste at dansen og musikken er så nært knytte til ein annan at det er umogleg å snakke om hip hop- dans utan å snakke om hip hop- musikk, og omvendt.
og elevane jobba skriftleg og gjennom lydspor. Undervisningsopplegget var tverrfagleg, og involverte både norskfaget og musikkfaget, i tillegg til dei grunnleggande ferdigheitene.
2. desember kom alle elevane til Oseana der dei fekk møte Navid og to av dansarane frå crewet hans. Navid snakka til og med elevane om hip hop-en sin historie, dans, musikk og verdiar. Til slutt fekk dei sjå eit utdrag av framsyninga som skulle gå same kveld. Mange av elevane hadde også løyst billett til framsyninga om kvelden, der dei fekk med seg framsyninga i heilskap.



