
Lanseringa av Seniortreff på Oseana har vore ein suksess, og allereie no er fyrste Seniortreff utseld!
Programmet måndag 17. februar består av ein foredragsdel med Bettina Husebø, kaffi og kaker, etterfølgd av konsert med Helge Jordal. Det er no fullteikna på foredrag-og kaffidelen, men Oseana opnar no opp for å kunne kjøpe billett berre til konserten med Helge Jordal.
- Vi er jo sjølvsagt veldig glade for at det er så stor rift om arrangementet at det er fullt, men samstundes er det trist for dei som måtte oppleve å ikkje få billett. Vi opnar difor no opp for at ein kan kjøpe billett til konserten med Helge Jordal, forklarar direktør Ole Tobias Lindeberg.
- Vi sel billettane til konserten til kr. 80,- Det er eit avgrensa antal tilgjengelege billettar til konserten, men desse billettane kan kun kjøpast i resepsjonen på Oseana, dei er altså ikkje tilgjengelege på internett eller via andre utsalsstadar, understrekar Lindeberg.
Vil du lese meir om måndagens seniortreff, kan du trykke her.