Bilde:

Årets fyrste Bygdekino 6. januar måtte dessverre gå utan kiosk, då Færingen restaurant no er ute av Oseana.
- Det vart for kort varsel for oss å klare å få til eit skikkeleg kiosktilbod til den 6. januar, men vi kan no gle kinopublikummarane at det blir kiosk på Oseana søndag 20. januar, seier Janne Mari Hjelle.
- Målet vårt er å ha eit rikhaldig utval av brus, sjokolade og andre søtsaker, men per i dag har vi dessverre ikkje moglegheita til å tilby publikum popcorn. Dette er noko vi håpar på å få til på sikt, seier Hjelle.
Filmane som blir vist denne søndagen er Lotte og månesteinens hemmelighet kl. 16.00 og Jack Reacher kl. 19.00. Billettar får du kjøpt i resepsjonen på Oseana, gjerne på førehand!