
Friskunst vart starta opp hausten 2013, og er Oseana sitt nye formidlingsprogram. Her skal alle skuleelevar i løpet av eit tiårig skuleløp besøke Oseana og ha oppgåver og opplevingar knytt til den gjeldande aktiviteten på huset. Dette har fram til no vore eit prosjekt som har gått føre seg i skuletida, men no kan ein stolt direktør presentere Friskunst Sommarskule.
- Friskunst sommarskule skal vere eit tilbod til born og unge som er interesserte i song, dans og musikk. I samarbeid med Terje Neset og Anne Leni Sæbø blir det ei vekes kurs innan song og dans på Oseana i perioden 23. - 27. juni. Kurset er for elevar som no går i 5. til 7. klasse, seier Ole Tobias Lindeberg, primus motor bak Friskunst- prosjektet.
Terje og Anne Leni, som har arrangert liknande seminar tidlegare, står for både det musikalske arbeidet og gjennomføringa.
- Ein treng ingen forkunnskapar eller eigne instrument for å vere med på sommarkurset, det held at ein har interresse for musikk, forklarar Anne Leni.
- På timeplanen denne veka står mellom anna song, dans, stemmebruk, sceneopptreden og mikrofonbruk. Vi brukar dei fire fyrste dagane til øving, så avsluttar vi fredagen med to konsertar, ein på dagtid for barnehagane i Os, og ein på kveldstid som er open for alle, seier Terje.
Sommarskulen vil ha øvingar måndag til og med torsdag, og avslutte med to konsertar fredag, ein for alle barnehagar i Os kl. 12.00, og ein open konsert kl. 14.00. Her vil det vere eit profesjonelt band på scena.
Arrangørane er spent på responsen, sidan dette er fyrste året dei prøvar å arrangere sommarskule, men håpar på god oppslutning.
-Målet er at Oseana skal yre og syde av liv og leven denne veka, og at alle deltakarane skal ha ei lærerik, sosial og god veke. Dette skal vere kjekt for borna! Vi må ha over 50 påmelde for å kunne arrangere sommarskulen, so no
Periode og tidsplan:
Måndag 23. juni: kl. 10.00 - 14.00
Tysdag 24. juni kl. 10.00 - 14.00
Onsdag 25. juni kl. 10.00 - 14.00
Torsdag 26. juni kl. 10.00 - 14.00
Fredag 27. juni kl. 11.00 - 15.00, med konsertar kl. 12.00 og 14.00
Pris: kr. 1 200,- pr. deltakar
Eleven må ta med matpakke til lunsj.
Påmelding
Dersom du ynskjer å melde deg på, eller har andre spørsmål, kan du sende ein mail til ole@oseana.no. Bindane påmelding innan 4.juni 2014.
I mailen må desse opplysningane kome fram:
- Namn på elev
- Alder på elev. MERK! Eleven må gå i 5. - 7. klasse i inneverande skuleår for å kunne delta.
- Namn og telefonnummer til føresett
- Fakturaadresse
- Epost-adresse til føresett. MERK! All informasjon vil bli sendt til denne epost-adressa!
Forbehold:
Sommarskulen blir ikkje gjennomført ved mindre enn 50 påmelde. Endeleg beskjed vil bli sendt ut til alle påmelde fredag 6.juni 2014.