Den unge svenske fløytisten Anna Melander ga oss fleire minneverdige konsertopplevingar under fjorårets festival, der hun opptredde saman med klavertrioen sin. Det er difor ei gleda å ynskja henne velkommen tilbake i år. Denne gongen i samspel med eit anna av broderlandet vårt sine store stjerneskudd, pianisten Viktor Stener. Til denne konserten har dei førebudd eit variert program med innslag av både norsk nasjonalromantikk, tysk barokk og russisk neoklassisisme. Og kva gjer det vel at Grieg ikkje etterlet seg eit einaste verk for fløyte og klaver? Fleire av dei vakraste songane hans, eigner seg også utmerka for fløyte - berre kom og høyr sjølv!
Oseana og Musica Nord vidarefører samarbeidet frå dei to føregåande somrane. Kvar søndag kl. 18.00 heile sommaren igjennom kan du oppleve klassiske perler i vakre omgjevnadar i Griegsamlingen på Oseana.
