Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Herbert Wiegand - SJØ LAND

$
0
0

Herbert Wiegand viser utstillinga SJØ  LAND i perioden 14. juni - 10. august.

Knut Ove Arntzen står for den offisielle opninga laurdag 14. juni kl. 15.00, og opninga har gratis inngang for alle.

 Den førti meter lange installasjonen av Herbert Eugen Wiegand - til saman hundre grafiske arbeid - forestiller synsinntrykk frå ei reise langs norskekysten. Reisa startar sjøvegen, vi føl blikket til ein båtreisande frå fastlandet ut til ei øy og vidare rundt øya. Så går ferda tilbake til fastlandet, men no sett fra bilisten sitt perspektiv, gjennom tunnelar og over bruer. 

SJØ  LAND er og ei tidsreise. Betrakteren førast gjennom notida og inn i framtida i eit samtidig nærvær av fortid, notid og framtid. Som så mange stadar i Noreg ser ein her korleis ein planlagt fastlandsforbindelse vil forandre persepsjonen: Frå det rolige, langtskuande, horisontorienterte blikket på sjøreisa, til dei meir episodiske og abrupte inntrykka bilisten får i vekslinga mellom tunnelar og opne vegstrekningar.

Installasjonen tematiserer eit utviklingsprosjekt som er typisk for dagens Noreg, og viser i eit framtidsperspektiv blikkskiftet og persepsjonsforandringene som ei filmstripe langs veggane. Landskapet fell betrakteren i augene, men er vi og i stand til å ta innover oss forvandlinga som landskapet og menneska der står ovanfor?

Korte tekster av Heike Schmitz er innlemma som eit grafisk element i installasjonen. Saman med linoltrykka opnar dei eit vidt assosiasjonsrom som, med sunnmørsnaturen som utgangspunkt, dreiar seg om Noreg sitt kystlandskap og øyverder. Ved sidan av eigne tekstar brukar Schmitz ulike kjelder – geologi, filosofi, litteratur, regional forskning og historie. Eit av motiva i tekstane er våre tradisjonelle forestillingar om kva ei øy er, sett i relasjon til notida. Er ei øy framleis ei øy i internettet sin tidsalder? Trafikk- og datastraumar synast å motseie det auget framleis registrerar: eit stykke land avsondra fra resten av verda av hav på alle kantar, der brev ein gong i tida kom fram fleire veker forsinka, medan nyhende idag treff oss "live" og i sanntid.

Er den nye tida rett og slett i ferd med å distansere fortida? Eller motseier fortida og av og til framtidsprosjekta? Svaberg, hav, menneske tett på elementa. Eit landskap som får ein til å tenke: Slik omtrent må det ha sett ut da livet oppsto for millionar av år sidan. Og der menneske har levd i årtusenar, tett på naturen sine krefter.

I denne installasjonen plasserast betraktaren på terskelen til framtida med eit ope spørsmål: Har den "gamle" avhengigheita til naturen framleis noko å fortelje oss? Hva betyr det å vere avsondra i ein verd der alt handlar om kommunikasjon og tilgjenge?

I samspelet mellom grafikk og tekst stillast på nytt spørsmålet om kva ei øy er. 
Eit assosiasjonsrom, eit spenningsfelt mellom i går og i morgon.

Bilde: 
Tid: 
Lørdag, juni 14, 2014 - 15:00 til Søndag, august 10, 2014 - 18:00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Boy Banat Patama Tagalog Love Quotes for you


Inggit Quotes and Kabit Quotes – Tagalog Patama Quotes


INUMAN QUOTES


kasama kang tumanda


RE: Mutton Pies (frankie241)


EASY COME, EASY GO


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Girasoles para colorear


Gwapo Quotes : Babaero Quotes


Patama tagalog quotes – Move On Quotes


Ligaw Quotes – Courting Quotes – Sweet Tagalog Quotes


Tropa Quotes


Hugot Lines 2020 Patama : ML Edition


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.