
Bygdekinoen startar oppatt sesongen att søndag 6. januar, og viser ein gamal og ein ny klassikar.
For dei yngste blir det eit gjensyn med Nemo og pappaen hans, då "Oppdrag Nemo" visast til glede for nye og gamle publikummarar. For dei litt eldre er det den nye storfilmen "Historien om Pi" som står på programmet, ein film som er spådd til å bli ein av dei nye klassikarane. Filmane går som vanleg kl. 16.00 og kl. 19.00, og billettane kjøper du i resepsjonen på Oseana.
På grunn av at samarbeidet mellom Oseana og restaurant Færingen har teke slutt, blir det dessverre ikkje kioskmoglegheiter på Oseana denne søndagen. Vi jobbar no med å få starta opp dette tilbodet, og vi håpar å ha dette klart allereie til neste kinosøndag, som er 20. januar. Meir informasjon om dette kjem seinare.