21. november er det klart for ein kveld med to av Noregs finaste visesongarar - i duo!
Brørne Ola og Lars Bremnes står støtt på kvar sine solokarrierer, men gjer også flotte konsertar i samspel. Begge er dei ein del av den norske visekulturen, og dei to ulike stemmepraktene deira utfyller kvarandre på beste vis.
Lars er den yngste i syskjenflokken, og framfører musikken sin med lun og varm stemme. Han har ei blanding av humor, poesi, melankoli og djupne i både orda og musikken. Her får du viser, blues og akustisk pop i friske arrangemnet med tekstar om alt frå krig til kjærleik, frå stjerneteikn til hoppeslott. "Å kunne æ skrive" er berre ei av perlene Lars har gjeve oss. Lars jobbar no med eit nytt album som kjem i løpet av 2014.
Ola er eldstemann, og er ein artist med stor spennvidde. Han har mellom anna laga albumet "Vær hilset!" saman med Bodø Domkor, som er ei innspeling av Petter Dass sine salmar. Han har skrive seg inn i den norske visetradisjonen med perler som"Har du fyr", "Mi pia. Din gutt" og "Hav av tid"
Elles har både Ola og Lars samarbeida mykje med syster Kari, som gjesta Oseana hausten 2012. Dei to brørne fekk Prøysenprisen for visene sine i 2009.
