
Laurdag 14. juni slepp Oseana sitt haustprogram, og samstundes startar billettsalget. Men denne helga er billettane eksklusivt i sal på Oseana! Det vil seie du må stikke innom resepsjonen, eller slå på tråden til oss for å sikre deg billettar med ein gong. Les meir om alle våre haustarrangment på våre arrangementsider.
Frå og med måndag 16. juni er billettane til sals også hos dei andre utsalsstadane til Billettservice, som er Narvesen, 7Eleven og sjølvsagt på www.billettservice.no. Fram til 7. juli er det også tidlegkjøpsrabatt på utvalde arrangement, så her gjeld det å vere om seg!
Dersom du stikk innom for billettar i helga, kan du også få med deg gratiskonsert med Os Musikkforening og Søre Neset Musikklag kl. 13.00, og utstillingsopning av utstillinga SJØ LAND laurdag kl. 14.00. Utstillingane er sjølvsagt opne heile helga. det same er Oseana kafe og restaurant, som byr på herlege matrettar og leskande drikke i det fine veret.
Velkomen til ei flott helg på Oseana!