Bilde:

- Dette er jo sjølvsagt veldig beklageleg for dei som hadde gleda seg til sommarskule på Oseana, men det samla påmeldingstalet vart dessverre for lågt, forklarar direktør Ole Tobias Lindeberg.
Saman med Terje Neset og Anne Leni Sæbø skulle Friskunst Sommarskule gå på Oseana fyrste veka ut i skuleferien, men Lindeberg har fått tilbakemeldingar på at tidspunktet kolliderte med andre arrangement.
- Sommarskulen og ei fotballturnering hadde same datoar, difor var det mange som ikkje kunne melde seg på sommarskulen, sjølv om dei ynskte. Vi vil gjere eit nytt forsøk neste sommar, og skal passe på at det ikkje oppstår slike kollisjonar då, smiler ein like entusiastisk direktør.
- Sommarskule skal det bli!