Den årlege sommarskulen på Halsnøy avsluttar med konsert på Oseana 10. august. Søndag 10. august er det stor aktivitet i Oseana. Vi er opptekne av å satse på ungdommen, og denne dagen får vi besøk av eit knippe unge solistar, både i orkester- og kammermusikkformat.
Sidan starten av 80- talet har De Unges Orkesterforbund i Hordaland arrangert sommarmusikkskule på Sunnhordaland Folkehøgskule. Sommarskulen på Halsnøy er eit omgrep ikkje berre på Vestlandet, men er ein kjend institusjon i heile musikk- Noreg.
Å tilby ynge norske talent høvet til å vere solist er og ein del av Halsnøy- kurset sitt varemerke. Det er ein tradisjon at vi kvart år har med oss ein solist, anten innleigd eller frå eigne rekkjer, og det er prestisje og anerkjenning å få vere solist på sommarskulen. Mange av dagens internasjonalt kjende norske solistar har vore elev på våre kurs i ungdomen. Denne gongen har vi hatt gleda av å jobbe med Maren Grønningsæter og Rasmus Hella Mikkelsen.
Avslutningskonserten markerar slutten på sommarkurset og er sjølve ”eksamenen” etter ei intens veke med mykje og iherdig felles jobbing. På konserten får vi høyre både eit ungdomsorkester og eit fullt symfoniorkester, som blir dirigert av profesjonelle dirigentar. Kjell Seim er et ikon i vestnorsk orkestersammenheng og dirigerer år etter år etter år det store symfoniorkesteret med humor, utradisjonelle virkemidler og samtidig meget profesjonelt. Ungdomsorkesteret blir leia av Tone Nilssen, fast tilknytta Bergen Kulturskole og dirigent i Åsane Unge Strykere.
Program: Ungdomsorkesteret med dirigent Tone Nilssen:
Polnisches Konzert – Georg PhilippTelemann
Prelude and Polka – Dimitri Shostakovitch arr. Harry A. Alshin
Sunrise ,Sunset – Jerry Bock
The Journey of the Magi – Robert Longfield
Tema fra Olsenbanden – Bent Fabricius – Bjerre arr. Jan Matthiesen
Ungdomsorkesteret har ca 30 medlemmer.
Symfoniorkesteret blir dirigert av Kjell Seim og har ca 90 medlemmer. Dei spelar:
Dimitri Shostakovich: Festivalouverture
Edouard Lalo: Symfoni Espagnole. 1. sats. Solist Rasmus Hella Mikkelsen
Alexander Arutjunjan: Trompetkonsert 1. sats. Solist Maren Grønningsæter
Nikolai Rimskij Korsakov: Scheherazade
Billettar får du kjøpt i døra.
