Brom brom - action og humor i eit ekstraordinært bilrace frå Oslo til Nordkapp. Børning er den fyrste bilfilmen frå Noreg, med Anders Baasmo Christiansen, Jenny Skavlan, Otto Jespersen og Sven Nordin.
Roy (Anders Baasmo Christiansen) er ein bilgal mann godt på veg inn i 30-åra. Det einaste han interesserer seg for er å drive sjappa "Stallion Parts". Utover det mekkar han på sin høgt elska ikoniske Ford Mustang "Lillegul", som han køyrer løp med på fritida. Dottera Nina bur saman med mor si i eit godt, borgarleg miljø, fjernt frå Roy si verd.
Konflikta oppstår då Nina plutseleg dukkar opp for å tilbringe ferien med Roy. Han kan ikkje hugse noko slik avtale i det heile teke. Det einaste som er oppført i kalendaren hans er billøpet "Street Legal", og dottera er ikkje anna enn rusk i maskineriet.
Under premieutdelinga etter løpet, der favoritten Roy overraska ved å ikkje vinne på grunn av motortrøbbel, blir Roy utfordra av sin erkefiende TT til eit "illegal street race" til Sinsen. For å få slutt på terginga seier Roy ja, på betinging av at løpet går frå Oslo til Nordkapp i staden. Og der skal berre vere to reglar. 1) Fyrstemann til Nordkapp har vunne, og 2) Der er ingen andre reglar (bortsett frå at det ikkje er lov å køyre via Sverige.
Det er klart for børning!
Filmen varer i 1t 32 min og er tilleten for alle.
Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.
