Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Foajekonsert: Os musikkforening

$
0
0
Teaser: 

Os musikkforening inviterer til gladkonsert! 

Søndag 31. august blir det gladkonsert i foajeen på Oseana. Tidspunktet er kl. 13.00. Konserten er gratis, så det er berre å ta med heile familien på konsert. 

Os Musikkforening inviterer, og i samarbeid med Os skulekorps blir det ein lettfatteleg og variert konsert. Konserten vil innehalde musikk frå filmane «Flåklypa» og «Olsenbanden». Du får også høyre eit par-tre låtar frå Michael Jackson sin musikk. Tre flotte jenter frå skulekorpset syng med oss i to kjende barnesongar, akkompagnert av høvesvis klarinettgruppa og trombonegruppa. I tillegg vil også musikantar frå skulekorpset bidra med kammermusikk. Du skal heller ikkje sjå vekk i frå at det kjem ein dansar på besøk!

Så, har du lyst til å lære å spele eit instrument? Søndag har du sjansen – i etterkant av konserten kan alle born få prøve seg på dei ulike blåseinstrumenta! Os skulekorps er eit janitsjarkorps med medlemar i alderen 8 til 18 år. Dei ynskjer seg fleire nye musikantar. Så dersom du er i alderen 3.- 4. klasse eller eldre og lurer på om det kunne vore kjekt å spela eit korpsinstrument er dette eit godt høve til å prøva. Om du syntes det var kjekt er du hjarteleg velkomen som aspirant i korpset denne hausten. Då vil du læra å spela eit instrument og, kjekkast av alt; du får spela i lag med andre. Og har du spelt før og angrar på at du slutta? Du er hjarteleg velkommen tilbake i skulekorpset!

Arrangementdato: 
søn, 31/08/2014 - 13:00
Pris: 
Gratis inngang!
Lengde: 
1t
Bilde: 
Arrangør: 
Os musikkforening
Sal: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Foajekonsert:Os musikkforening
Karuselltittel: 
Gratis foajékonsert søndag 31. aug kl. 13.00
Karusellteaser: 
Os Musikkforening inviterer til gladkonsert og instrumenttesting!

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571