Sjølvaste Kaptein Sabeltann tar det store steget over på kinolerretet! Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama er eit storslege action- eventyr, spekka med humor og spenning.
Vi følgjer den foreldrelause Pinky på ein spennande reise frå Abra Havn til det legendariske kongeriket Lama Rama, der dei møter den lattermidle Kong Rufus og den skumle broren hans, Prins Badal. På vegen må Kaptein Sabeltann hans menn bekjempe den pill råtne vikingpiraten Bjørn Barsk og båttjuvane hans. Med heltemodig innsats frå mannskapet, Pinky og Ravn, opplever sjørøvarane våre eit eventyr dei seint vil gløyme. Men vil Kaptein Sabeltann finne skatten, og finn Pinky svaret på kven som er pappaen hans?
MERK: Denne filmen viser vi to gonger 5. oktober, både kl. 13.00 og kl. 16.00. Det vil bli seld billettar til kvar forestilling, og det blir ikkje råd å nytte ein billett kjøpt til kl. 13.00 på framvisninga kl. 16.00, eller omvendt.
