Dette er ein akustisk, intim og varm julekonsert med vekt på det vakre og meiningsbærande julesongrepertoaret vårt. Etter mange års samarbeid med andre artistar er Skorgan endeleg nært tilstades solo, med god hjelp frå ypperlege musikarar, samt forfattaren vi kjenner frå NRK P2 sin Mytekalendar.
Stillfare, lyst og stemningsfullt nærmar ensemblet seg jula sin bodskap og set dei indre, djupe strengane i sving, dei som bind hjarta våre saman i den mørke førjulstida. Det er tid for å puste, reflektere, minnast barndomens jul og få eit verdifullt møte med seg sjølv midt i vinterkulda og det kommersielle kaoset.
Med Terje Nordby si gjenfortelling av Charles Dickens sitt evig gyldige "A Christmas Carol", eller juleevangelium, som nettopp handlar om jula i hjartet, blir det sett ei annleis ramme rundt jula sin bodskap og stemning. Innslaget blir framført av Nordby sjølv.
På scena finn vi Håkon Iversen, bass og kor, Hallgrim Bratberg, gitarer, Terje Nordby, gitar og Anita Skorgan, piano. Rune Børø har stått for lyddesignet.
Om Anita Skorgan:
For 27 år sidan, då Anita var med på sin fyrste julekonsert i ei lita kyrkje utanfor Drammen, fall noko på plass i hennar musikalske liv. Frå eit utgangspunkt i klassisk piano, via viser og pop, fann ho via kyrkjerommet og jula etterkvart fram til sitt musikalske uttrykk. Dette uttrykket har sidan fått utvikle og fordjupe seg vidare. Ho berører menneske med sin song rett frå hjartet, og legg stor vekt på sjølve formidlinga og kommunikasjonen med publikum. Det har i gjennom åra blitt ein stor produksjon, om lag 20 CD-utgjevingar, musikalteateroppgåver og ulike TV- opptredenar. Ho har også medvirka i Melodi Grand Prix, både som låtskrivar og som artist, både aleine og i duo. Sist vi såg henne på skjermen var i TV2- suksessen "Hver gang vi møtes", og no er ho igjen TV- aktuell med laurdagsunderhaldninga "Stjernekamp" på NRK.
Om Terje Nordby:
Terje Nordby er dramatikar, tekstforfattar, musikar og mytolog. Han var Tramteatret sin forfattar. Som dramatikar har han vunne både nasjonale (Ibsenprisen) og internasjonale prisar. Det er Nordby som har gjendikta Platon si "Sokrates forsvarstale", som Toralv Maurstad vitja Oseana med i januar. Han er også aktuell med "Kongeblod" på Akershus festning, der Henning Sommero står for musikken. Han har samarbeida med Anita Skorgan sidan 2013, og har skrive alle tekstane til det siste albumet hennar, "La høsten være som den er".
