Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

The Maze Runner: I dødens labyrint

$
0
0
Teaser: 

Basert på den bestselgande spenningsboka med same namn! 

Handlinga i The Maze Runner i ein post- apokalyptisk verd, der Thomas blir plassert i eit samfunn av unge menn, utan å huske anna enn sitt eige namn. Då han og dei andre innser at dei er fanga i ein labyrint, bestemmer dei seg for å samarbeide om å kome seg ut av labyrinten og å avsløre den skremmande sanninga om kven som har plassert dei der og kvifor. 

Thomas vaknar brått opp i ein heis i bevegelse. Då den stoppar opp og dørene bli ropna blir han teken imot av ei gruppe gutar som ynskjer han velkomen til Lysingen- ei stor open slette omgjeven av enorme betongveggar. Medan Thomas forsøkjer å la alt synke inn, går det opp for han at hukomminga hans er heilt blant. Han har ingen kunnskap om kvar han er eller kvar han kjem frå. Han kan ikkje huske sine eigne foreldre eller fortida si. Slik er det også for alle dei andre "lysingsbebuarane", som heller ikkje veit korleis dei kom seg dit.

Heile verda deira er knytta til nokre gigantiske betongdører som kvar einaste morgon opnast og som gjev dei tilgong til labyrinten som omgjev dei. Kvar kveld stengast dørene igjen, og kvar trettiande dag kjem det ein ny gut med heisen på same måte som dei alle. Med denne forutsigbarheita var ikkje Thomas sin ankomst noko nytt, men mindre enn ei veke seinare kjem den fyrste jenta, Theresa. 

Thomas lærer at kvar lysingsbebuar har ein heilt spesiell rolle i denne vesle sivilisasjonen dei har bygd, frå hagearbeid og bygging, til å vere ein løpar. Rollen til løparane er å kartlegge sjølve labyrinten og prøve ¨å forstå sjølve mønsteret i korleis den heile tida endrar seg, og på den måten finne vegen ut derifrå. Frå den augneblinken dørene blir opna kvar morgon, spring dei mot klokka for å rekke å kartlegge mest mogleg. For når sola går ned stengjer betongdørene seg, og dei dødelege biomekaniske blodrøvarane kjem fram. Sjølv som ein nykomar føler Thomas ein foruroligande kjennskap til både lysningen og labyrinten. Han føler at noko ligg djupt begrave i hukomminga hans, som faktisk kan vere nøkkelen til å løyse labyrinten og mogleg gåra om verda utanfor. 

På rollelista: Dylan O'Brien, Kaya Scodelario, Thomas Brodie Sagnster, Will Poulter. 

 

Filmen varer i 1t 53 min og har 11 års aldersgrense. 

NB! Filmen er frårådd unge under 11 år, sjølv med følgje av ein vaksen!

 

Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.

Arrangementdato: 
søn, 05/10/2014 - 19:00
Pris: 
Kr, 100,-
Bilde: 
Lengde: 
1t 53min
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 24. september, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: The Maze Runner

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571