Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kino: Her er Harold

$
0
0
Teaser: 

Omsider! Filmen som er spelt inn på Sælen Møbler kjem til Os! 

Det er ikkje kvardagskost at store norske filmar blir spelt inn i Osbygda! Den nye norske storfilmen Her er Harold er delvis spelt inn på Sælen Møbler på Søfteland, med sjølvaste Bjørn Sundquist i hovudrolla! Les Midtsiden sin reportasje om filminga her! Filmen har ikkje premiere før 31. oktober, så det er ein rykande fersk film som blir vist på Oseanalerretet denne søndagen! 

 

Harold og kona Marny har drive Lunde Møbler med suksess i over førte år. Men så opnar IKEA eit nytt, gigantisk kjøpesenter, og det vegg i vegg med den vesle møbelbutikken. Harold og Marny går konkurs og misser både butikk og heim. I stigande fortviling og sinne bestemmer Harold seg for å ta hevn. Han skal kidnappe sin nemesis - IKEA-gründer Ingvar Kamprad. Harold set seg i sin gamle Saab og køyrer mot Sverige. 

Den fyrste han møter der er Ebba, ei einsam 16 år gamal jente som har rømd heimefrå. Ho tykkjer kidnappinga er ein strålande ide, og nærast ved eit tilfelle klarer det odde paret å bortføre Ingvar Kamprad. Dessverre så er Kamprad ganske så fornøgd med å bli kidnappa, og det heile ser ut som ei moglegheit til å promotere seg sjølv og IKEA...

Manuset til filmen er basert på ei av historiane i Frode Grytten si bok Saganatt. Gunnar Vikene har regien og har også skrive manuset. 

 

Laurdag 1. november er det Den store kinodagen over heile landet. Denne dagen er det halv pris på alle billettar, og Bygdekinoen viser tre filmar denne dagen, Jul i Flåklypa for dei aller yngste kl. 13.00, Operasjon Arktis for dei litt større kl. 16.00 og Her er Harold kl. 19.00. Merk at den ordinære kinosøndagen 2. november utgår.

Arrangementdato: 
lør, 01/11/2014 - 19:00
Pris: 
Kr. 50,- for alle
Bilde: 
Lengde: 
1t 27 min
Fleire bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 22. oktober, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Her er Harold

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


UPDATE SC IDOL: TWO BECOME ONE


KASAMBAHAY BILL IN THE HOUSE


Girasoles para colorear


Presence Quotes – Positive Quotes


EASY COME, EASY GO


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Re:Mutton Pies (lleechef)


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


FORTUITOUS EVENT


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Smile Quotes


Tiwala Quotes and Selos Quotes Collections


Love with Heart Breaking Quotes


RE: Mutton Pies (frankie241)


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


Maganda Quotes – tagalog Quotes – Inggit Quotes