
Laurdag 1. november er det Den store kinodagen! Denne blir arrangert over heile landet, med halv pris av ordinærpris på alle visningar!
Bygdekinoen har vanlegvis visning på Oseana søndagar i partalsveker, men flyttar denne helga visninga si til laurdagen for å kunne vere med på kinofesten.
Det blir heile tre visningar denne dagen, to filmar for dei litt yngre, og til slutt ein film for dei litt eldre - som att på til er spelt inn på Os! Filmen Her er Harold vart denne våren filma i Sælen møbler sine lokale på Søfteland. Filmen har premiere 31. oktober, og kjem til Oseana dagen etter, så det er ein rykande fersk film som rullar over lerretet laurdag kl. 19.00! Vil du lese meir om filmen kan du trykkje her!
Det er halv pris på alle billettar denne dagen, det vil seie at barnefilmane kostar kr. 40,- medan Her er Harold kostar kr. 50,- Billettane er allereie i sal, og du får dei i resepsjonen på Oseana. Her kan det vere lurt å sikre seg billettar på førehand, så stikk innom i løpet av veka!
Kl. 13.00: Jul i Flåklypa - ingen aldersgrense
Kl. 16.00: Operasjon Arktis - ingen aldersgrense
Kl. 19.00: Her er Harold - 7 års aldersgrense
NB! Merk at det ikkje er kino på den ordninære kinosøndagen som skulle ha vore 2. november.