Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Lars Tveit

$
0
0
Teaser: 

15. september er Lars Tveit neste kunstnar ut i Hvelvet.

Arrinfo: 

Lars Tveit er født i Sauda i 1951, og er utdanna sivilingeniør frå NTH. I tillegg til å arbeide som som ingeniør har han også undervist i teikning og andre fag ved Høgskulen i Bergen i ei årrekkje. Som kunstnar har han hatt personleg veiledning av William Nicolaysen og av Magnar Moen, tidlegare lektor ved Kunst- og håndverksskolen i Bergen. Tveit er representert med fem måleri i ein av landets største private kunstsamlingar, nemleg Mowinckels samling i Bergen.

Tveit eksprimenterar mykje med ulike fargar. Han set dei mot kvarandre og ser korleis ulike kombinasjonar verkar samane eller kvar for seg. Han brukar også fargane aktivt for å gje bilda den rette stemninga, gløden og energien. For å skape denne spesielle stemninga får maleria veldig ofte ein mørk himmel.

Tveit malar veldig pastost, dvs med tjukke lag av maling, i delar av billedflata, og brukar mykje malarkniven til å påføre malinga med. Denne varierte flatebehandlinga gjer at oljemalinga sine kvalitetar og eigenskapar gjev bilda ei spennande kjensle av noko ekte, som er viktig for kunstnaren. Han strebar også etter å forenkle motiva. Eit døme på dette er at ein sjeldan finn dører og vindu på husa han malar. Kunstnaren pleier å spøkje med at han gjer det slik for å spare utgifter til vindu og dører.

Lars Tveit malar bilete i ulike motiv- grupper. Døme på slike grupper er mellom anna

Maritime bygningsmiljø:

”Eg synes gamle sjøhus ber ei stolt og viktig historie som bør framhevast. I tillegg har dei ofte ei god og sjønær beliggenheit som tiltalar meg. Dei fortjenar også litt merksemd, då mange nesten står til forfall.”

Andre bygningsmiljø:

”Eg har lenge nytta bygningar som motiv, men med noko ulikt utgangspunkt og hensikter. Ei årsak til å bruke bygningar kan vere at motiva betyr mykje for meg. Ei anna årsak kan vere at dei er godt egna som middel for å skape stemningar, fargekombinasjonar eller maletekniske flatebehandlingar.”

Naturdetaljar:

”Trestammar er eg særskild oppteken av. Dei er vakre og eg føler dei egnar seg til min malarstil. Ein kan seie at motiva har i større grad oppsøkt meg enn at eg har oppsøkt dei.”

Utstillinga opnar laurdag 15. september kl. 14.00, og det er gratis inngang for alle. Det blir lett servering og musikalsk innslag, så legg turen innom Oseana denne dagen og få med deg denne flotte utstillinga!

Utstillinga står til 14. oktober.

Sjå gjerne Lars Tveit si heimeside.

Body2: 
Pris: 
Bilde: 
Lengde: 
Regi: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Arrangement: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


5 Tagalog Relationship Rules


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


Long distances monthsary message tagalog


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


Tropa Quotes


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.