Clik here to view.

Oseana har hatt god parkeringskapasitet fram til denne hausten. No har det starta opp eit nytt byggjetrinn av blokkene i Os sjøfront der det tidlegare har vore parkeringsplassar. Dette gjer at parkeringskapasiteten er betydeleg minska.
- Anleggsområdet tek ein stor jafs av areal vi tidlegare har nytta til parkering. Tidlegare har vi klart å huse alle bilar, sjølv ved utselde arrangement, men det kjem vi ikkje til å klare no lenger. Når parkeringsplassen er full lyt vi sende folk til vognhallen og til Os sentrum, seier teknisk sjef ved Oseana, Kjetil Moberg.
Oseana sine frivillige står ute som parkeringsvertar den siste timen før arrangementa startar, og vil hjelpe publikum med å dirigere dei inn eller vekk frå parkeringsplassen.
- Vi skal prøve å veilede folk på ein best mogleg måte, men når der er fullt, så er der fullt. Då må publikum snu tilbake til sentrum, seier arrangements- og marknadskoordinator Janne Mari Hjelle, som oppmodar folk om å vere ute i god tid.
- Det er ikkje langt å gå frå Vognhallen eller rådhuset og la bilen stå der, men det går fort ein 5-6 minutt ekstra. Då er det fint å ikkje kome ti minutt før arrangementet skal starte. Vi har fleire utselde hus før jul, og når nær 500 publikummarar alle skal parkere, henge frå seg og kanskje ta ein tur innom baren, så går det fort litt ekstra tid for alle. Legg heller inn ein ekstra buffer, og ver ute i god tid før arrangementet, oppmodar Hjelle med eit smil.