Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kjell- Aksel rocker

$
0
0
Teaser: 

Møt den rocka sauen Kjell - Aksel og bandet hans!

Riksteatret presenterar ein snauklipt rockemusikal for dei aller minste!

Sauen Kjell - Aksel spelar i band og drøymer om å bli popstjerne. Saman med katten Arild og kalven Matros har han sitt eige band som heiter Animal Farm. Dei øver i bakgarden til fru Fredriksen og lèt det rocke av låtar som Bæ, bæ, lille lam og Dyrene i Afrika

Ein dag blir Kjell- Aksel hovudstups forelska i det nydelege jentelammet Iselin. Men kva skjer då mor Krøll-Lisa tvingar han til å gå til frisøren og klippe av seg den lange ulle, som han aldri i livet skulle klippe? Vil Iselin i det heile teke kjenne han att, og ikkje minst - vil ho synes han er like kjekk?

Riksteatret har laga ein liten rockemusikal for dei aller minste, basert på ei barnebok av Cecilie Enger, som for dei vaksne kanskje er mest kjend for romanen Mors gaver. Regien på musikalen er ved sjølvaste Stein Winge. Ideen og konseptet er ved Christine Stoesen, som har vore ei stor drivkraft i Riksteatret si satsning på dokketeater. Ho har også medverka i fleire av barneteatersuksessane til Riksteatret, mellom anna var ho Baktus på scena under framsyninga av Karius og Baktus på Oseana i 2012!

Musikalen varer i 35 minutt, og passar for born frå 3 år og oppover.

 

TIDLIGKJØPSRABATT!
Riksteatret har tidlegkjøpsrabatt fram til 1. januar 2015. Den perfekte julegåva til borna i familien!

MIDDAG OG FRAMSYNINGA?
Kvifor ikkje ta søndagsmiddagen også på Oseana denne dagen? Restauranten har familiebuffet med både varme og kalde rettar, og eit deilig dessertbord! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!

 

Arrangementdato: 
søn, 03/05/2015 - 17:00
Pris: 
Tidligkjøpsrabatt fram til 1.januar 2015 kr. 160,-
Lengde: 
Om lag 35 min
Bilde: 
Regi: 
Stein Winge
Billettinfo: 
Avgrensa antal billettar!
Arrangør: 
Riksteatret
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kjell - Aksel rocker
Karuselltittel: 
Kjell - Aksel rocker
Karusellteaser: 
Ein rockemusikal for dei yngste! 3. mai kl. 17.00
Servering: 
Familiebuffet i restauranten! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571