Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Hobbiten: Femhærerslaget

$
0
0
Teaser: 

Bygdekinoen avsluttar sesongen med den tredje og siste filmen i Hobbiten- trilogien. 

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 14/12/2014 - 19:00

Den siste filmen i Hobbiten- trilogien, Femhærerslaget, er den episke avslutninga på eventyret om Bilbo Lommelun, Thorin Eikenskjold og reisefølget av dvergar. Ved å krevje tilbake heimlandet sitt frå dragen Smaug, slapp dei ei dødeleg og frykteleg kraft ut i verda. Ein rasande Smaug let sinnet sitt gå utover dei uskuldige innbyggarane i Langsjøby. Besett av den gjenkrevde skatten ofrar Thorin vennskap og ære for å omfamne mest mogleg av den. Bilbo må ta farlege og desperate val når han prøvar å snakke Thorin til vett, men den største fara ligg framfor dei. Ukjent for alle, bortsett frå trollmannen Gandalv den Grå, har fienden Sauron sendt ein armé av orkar i eit snikangrep på Ensomfjellet. Medan mørkret veks som eit resultat av den eskalerande konflikta, må rasande dvergar, alvar og menneske bestemme seg - samle seg eller bli knust! Bilbo kjempar både for sitt eige og for vennane sitt liv i det episke Femhærerslaget - skjebna til Midgard kvilar på akslane deira. 

Aldersgrense 11 år. MERK! Born under 11 år blir fråråda å sjå denne filmen! 

Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.

Pris: 
Kr. 100,-
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
2t 15min
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 5. desember, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Hobbiten -Femhærerslaget

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571