Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Os kulturskule - julekonsert kl. 20.00

$
0
0
Teaser: 

Os kulturskule inviterar til julekonsert.

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
man, 15/12/2014 - 20:00

Tradisjonen tru held Os kulturskule si juleavslutning på Oseanascena med ein flott julekonsert. Her får du oppleve dei fleste instrument og elevar i alle aldrar. 

I år får du oppleve eit stykke som handlar om Fjøsnissen Borg!

Fjøsnissen Borg sit og sturer oppunder Borgafjell på Julaftan. Han har ikkje fått julagrauten sin denne jula heller. Det har gått år og dag sidan han fekk julagraut på låvebrua. Garden han bur på skal leggjast ner, dyra er borte og han ser ikkje anna råd enn å reisa lenger inn i landet for å finna seg ein annan gard.

Dyra i skogen vil ikkje at Borg skal dra. Dei er glad i han og vil at han skal bli verande hos dei ute i skogen. Men for ein fjøsnisse er ikkje dette noko alternativ. Han treng ein gard med høy og dyr der han kan stelle og bu. Medan han sit der oppe under « pyramidelysa « på Borgafjell fortel han om den tida han har vore fjøsnisse i Os og dyra i skogen høyrer på. Som de sikkert kjenner til kan fjøsnissene bli ganske gamle, og han fortel korleis arbeidet på garden var for 150 år sidan og fram til i dag. Han fortel om militerleiren som låg nere på telthusplassen, hotella på Os og då Osbanen kom. Han hadde så lyst te å reisa med Osbanen, men du veit for ein fjøsnisse var ikkje dette mogleg.

Heile tida tenkjer han på julagrauten som han fekk kvart år. Dette var og eit bevis på at folka på garden sette pris på det arbeidet han gjorde. Han fortel om korleis fjøsnissene i bygdo samla seg oppe i Gavlen på Storafjellet kvar einaste romjul og hadde durabelige festar der dei dansa og song.  No er det slutt på dette. Fleire av fjøsnissene har allereie dratt lenger inn i landet for å finna seg ein gard der dei kan vera. Det siste han ønskjer før han dreg, er å høyra "Julasong frå Os" som Os musikkforening spelte nerpå Øyro før kvar einaste jul – før i tio. Med tungt hjarte tek han farvel med dyra i skogen før han legg i veg austover.

Forestillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire lærarar i Kulturskulen.
Dans/drama er koreografert av Patricia Langeland og Julia Bergesen. 
Musikk og manus/ide er laga av Jon Søfteland Sæbø. 
Fjøsnissen vert spela av Otto Hægland. 
Over 100 elevar i Os Kulturskule er med.
Dette vert ein litt annleis juleframsyning!
Det er to framsyningar av årets julekonsert, ein kl. 18.00 og ein kl. 20.00, begge konsertane er måndag 15. desember. 
Pris: 
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i døra. NB! Kun kontantar!
Arrangør: 
Os kulturskule
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Julekonsert Os kulturskule

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571