Pride er ein herleg og fantastisk morosam film om to fullstendig ulike kulturar som kræsjar i kvarandre, og som forsøkjer så godt dei kan å samarbeide mot eit felles mål.
Året er 1984 og Margaret Thatcher styrer Storbritannia med jernhand. Gruvearbeidarane streikar og mange familiar slit med å få endane til å møtast. I London bestemmer ein gjeng homofile seg for å samle inn pengar til gruvearbeidarane sine familiar. Dei identifiserar seg meg gruvearbeidarane sin kamp mot overmakta og etablerar aktivistgruppa "Lesbians and Gays Support the Miners". Dei samlar inn pengar, men store problem med å finne nokon som ynskjer å ta i mot. Til slutt får dei kontakt med eit gruvesamfunn i Wales, og set seg i den fargerike minibussen for sjølv å overlevere donasjonen. Det blir ein kulturkollisjon utan like.
Pride hr mange kostelege scener, som når gruvearbeidarkonene går på homsebar i London, eller diskofesten på det vesle samfunnshuset i Wales. Fiilmen har eit solid skodespelargalleri beståande av mellom andre Bill Nighty, Imelda Staunton og Dominic West, for ikkje å gløyme eit lydspor med svingane 80-talls hits!
Filmen har 7 års aldersgrense, og varer i 2 timar.
Billettane er i sal i resepsjonen frå onsdag 17. desember, eller så kan du kjøpe i døra den 4. januar!
Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.
