Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Elvis har fødselsdag!

$
0
0
Teaser: 

Og det feirar Oseana med å gje vekk billettar til Benny Borg sin konsert 17. januar! 

Bilde: 

I dag, 8. januar, ville Elvis ha fylt 80 år om han hadde levd! Kongen av rock er framleis ein stor helt og inspirasjonskjelde for mange, og musikken hans lever i beste velgåande i dag. 

Laurdag 17. januar kjem Benny Borg med sin kritikarroste konsert "Hvor var du da Elvis døde?" som teiknar eit varmt og sårt bilete av den store helten. Borg si personlege og rørande tolkingar av musikken, kombinert med historia om Elvis sitt liv, har rørt mange til tårer og gjeve kvar publikummar ei stor konsertoppleving. Du kan lese meir om konserten ved å trykke her

I samband med både fødselsdag og konsert, kan du vinne to billettar til denne konserten ved å svare på dei tre spørsmåla under! Svaret sender du til janne@oseana.no innan onsdag 14. januar. Hugs også å skrive kontaktinfo i mailen, både namn og telefonnummer. 

1. Kva heitte Elvis Presley til mellomnamn?
a) Mike
b) Jeff
c) Aaron

2. Kva heiter heimen til Elvis som no er museum?
a) Graceland
b) Lisahouse
c) The Kings house

3. Kva heitte kona til Elvis?
a) Lisa Marie 
b) Pricilla
c) Whitney 

 

Vil du kjøpe billettar til konserten, kan du gå hit

Og kvifor ikkje kombinere konsertopplevinga med ein betre middag? Ring vår restaurant for bordbestilling og eit godt tilbod på telefon 53 69 51 40!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571