
Vinskvetten er ein populær gjeng, også på Os. Billettane til konserten i april har blitt rivne vekk, no blir det ekstraframsyning!
10. april kl. 21.30 er det duka for at ytterlegare 500 osingar og andre kan få oppleve denne gjengen, som med si fartstid er å reikne som ein institusjon i seg sjølv. Vi tippar at også desse billettane får bein å gå på, så ikkje vent for lenge! Gå rett til denne sida for å kjøpe billettar!
Og dersom du verkeleg vil gjere ein heilaften ut av dette, så serverar Oseana kafé og restaurant deg det du måtte ynskje av vått og tørt før konsertstart! For bordbestilling, ring 53 69 51 40. Det er framleis nokre ledige bord att!
Treng du ei oppfrisking på kva du har i vente denne kvelden finn du storslagaren Ferjebillettøren over!