Også i år blir det eit kinotilbod i vinterferien! Måndag 23. februar kl. 12.00 viser Bygdekinoen den heilt nye filmen om Sauen Shaun!
NB! MERK DAG OG KLOKKESLETT!
Shaun er ein smart og rampete sau som bur saman med flokken sin, under tilsyn av bonden og Blitzer, ein velmeinande med lite effektiv gjetarhund. Til tross for Shaun sin innsats for å sprite opp dagleglivet på garden, har livet blitt rutine, og Shaun pønskar ut ein utspekulert plan. Han vi ha ein fridag!
Men ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg. Shaun rotar det til då ein rampestrek gjer at bonden blir innelåst i ei campingvogn, og det blir ikkje betre då den plutseleg rullar av garde mot storbyen! Shaun og flokken hans bestemmer seg for å reise frå garden for å redde bonden, og det blir starten på eit spennande eventyr med masse morosame påfunn heile vegen!
Filmen varer i 1t 25min og er tilleten for alle.
