SvampeBob Firkant er tilbake! i denne sprø animasjonsfilmen tek han og kompisane ein tur over i vår verd.
Den mest populære havbuaren i heile verda, SvampeBob Firkant, tek turen frå havbotnen og over i vår verd, i sitt mest superheroiske eventyr hittil. Piraten burgerskjegg er på jakt etter den siste sida i ei magisk bok, som kan gjere alle dei onde planane hans til verkelegheit. Men den manglande sida visere seg å vere den hemmelege oppskrifta til Krabby Patty. Når Burgersjekk stel den, bryt det ut fullt kaos på Bikinibunnen. SvampeBob, Patrick og resten av gjengen må gje seg opp til overflata for å finne igjen oppskrifta og redde byen sin. Og den einaste måten dei kan bekjempe Burgerskjegg sine skurkete planar, er ved å forvandle seg til superheltar ved hjelp av den magiske boka.
Filmen varer i 1t 34 min og er tilleten for alle.
