

Søndag 3. mai kjem Riksteatret til Oseana med den tøffe rockemusikalen Kjell - Aksel rocker! Sauen Kjell - Aksel startar band, men blir tvinga av mor Krøll- Lisa til å klippe av seg den tøffe rockeulla! Korleis skal dette gå? Musikalen passar for dei frå 3 år og oppover, og du kan lese meir om den her!
Riksteatret og Oseana inviterar til Instagram- konkurranse! I foajeen på Oseana står ein flott pappfigur der du kan ta bilde av deg sjølv som Kjell- Aksel! Publiser bildet ditt på Instagram, og heng på emneknaggane #oseana #riksteatret og #kjellakselrocker og ver med i trekninga om gratisbillettar til anten denne eller neste barneframsyning frå Riksteatret, og boka "Kjell-Aksel rocker!" av Cecilie Enger, som musikalen er bygd på.
Konkurransen blir avslutta 1. mai.