
Heimebryggar-konkurransen som vi arrangerar i samband med Oseana ølfestival er klar! Vi skal kåre det beste sommarølet! La brygginga starte!
Påmelding skjer fortløpande ved å sende ein epost til post@oseana.no som du merkar med Bryggekonkurranse. Mailen skal innehalde namn, fakturaadresse, epostadresse og telefonummer. Faktura for påmeldingsavgift blir sendt på epost.
KONKURRANSEREGLAR:
Vi er ute etter eit lyst og lett sommarøl. Alle ølsortar som kan høve innanfor dette er tillete. Ølet vert vurdert etter i kva grad det oppfyller kriteria til eit «sommarøl»:
- Alkoholstyrke: Ikkje over 6 %
- Leveringsform: 3 x 0,33l ” bjørnungar” saman med innleveringsskjema som du lastar ned her. Flaskene skal vere utan etikett eller gjenkjenbare korkar.
- Ved stor pågang vert det puljevise juryeringar fram mot ein ”finale”
- Det vert kåra fyrste, andre og tredje plass m/diplom og fagleg bedømming.
- Premiar frå Vestbrygg, Signo (Gåveøskje-produsent) m.fl.
- Påmeldingsavgift kr. 100,-
Ølet vert bedømt av kompetent jury.
Ølflasker og påmeldingsskjema skal innleverast i resepsjonen på Oseana kunst og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os i løpet av veke 22. Absolutt siste dag for innlevering er søndag 31. mai.
Har du spørsmål, kontakt oss på post@oseana.no.
Skål!