
I førekant av Ølfestivalen på Oseana 20. juni, arrangerar Oseana bryggekurs 30. mai 11.00 – 16.00.
-Vi skal jo ha konkurranse for beste heimebrygga øl, og ølbrygging er jo ein eigen kunst. Vi har difor invitert Birger Storaas frå Vestbrygg til å halde bryggekurs, fortel arrangementssjef Berit Steen.
-Innhaldet vert grunnleggande opplæring i heimebrygging med fokus på Bdet som blir kalla ”Brew in a bag”- metoden. Han vil ta føre seg dei ulike råvarane og prosessane som er relevante, og også gå gjennom ulike bryggesystem og ulike øltypar. Dette er difor eit kurs som vil høve både for dei som er nybyrjarar og dei som har brygga litt før, forklarar Steen.
Det er imidlertid avgrensa antal plassar på kurset, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld.