Den superrike hegdefond- forvaltaren James (WIll Ferrell) blir arrestert for svindel, og fryktar ei røft opphald i San Quentin fengsel. Dommaren gjev han 30 dagar til å få orden på forretningane sine, og i rein desperasjon vender han seg til Darnell (Kevin Hart) for å førebu seg på eit liv bak murane. Men til trass for James trur at alle svarte er kriminelle, viser det seg at Darnell er ein hardtarbeidande sjølvstendig næringsdrivande som aldri har fått så mykje som ei parkeringsbot, ei heller sete inne. Saman gjer dei alt dei kan for at James skal herdast for fengsel. I prosessen oppdagar dei kor feil dei har teke om mykje, inkludert kvarandre.
Filmen har 11 års aldersgrense. Born over 8 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.
